søndag 22. juli 2012

Svakt bygd akterspegel på skjærgårdsjeep

Ein kunde kom med eit lite sår under ein båt, han lurte på om det lot seg reparere. Det kunne det og kunden kom med båten til meg. Han hadde eit tilleggsspørsmål då han overleverte båten, han hadde oppdaga sprekker i gelcoaten på akterspegelen. Etter litt bøying og bending på påhengsen kunne det sjå ut som spegelen var delaminert eller sprukken. Me vart einige om å ta denne skaden med samstundes.




Då eg hadde fjerna påhengsen viste det seg at akterspegelen hadde ein stor sprekk. Største delenen av denne jobben vart å forsterke akterspegelen, arbeidet med det vesle såret vart lite i forhold.





Dårleg vedlikehald

For dei som lurer på kva som kan skje om ein ikkje tek vårpuss på båten under vatnlinja. Slik vil det sjå ut etter nokre år:




Det resulterte i 28 10 liter bøtter med blåskjell og anna groe. Det vil sei ca. 250 kg med blåskjell som måtte skrapast av. Eg laga meg ei sparkelskei av tre for å ikkje skade bunnstoff/gelcoat då det skulle fjernast. Det var effektivt å bruke den og det vidare arbeidet viste seg å vera omfattande. Det innebarr både ei roterande stålbørste og vanleg handstålbørste. Då båten var reingjort måtte den primast med to-komponent epoxyprimer før bunnstoff.




Heldigvis hadde det ikkje stått landstrøm på båten, så sinkanodane hadde holdt og drevet var inntakt. Trimflapsen derimot var tom for sink og hadde store tæringsskadar. Alle belgane og pakningane vart skifta på drev i tillegg til drevolje, til dette arbeidet har eg ein dyktig kompanjong; Ketil Isdal, han fiksar denne jobben lett. Då kunne båten fint sjøsettast att, med håp om betre stell.
Related Posts with Thumbnails