søndag 25. november 2012

 prøvemontering av rekker på jagerbro
 feste for pullpit med store skiver


 bak sete med nedgang til akter lugar og toalett
 toalett
 sove plass akter
 trapp ned til akter sove lugar og toalett

 badeplattform før





torsdag 13. september 2012

Kloster Artic Patrol P36 (Prototype)

No er styrehuset forlenga og støypt ihop. Det er bygd stolfundament på jagarbru til to stolar. Dashbord inne er bolta og plastra fast, og no er eg i full gong med trapp ned til lugar og toalett akter.
 




torsdag 23. august 2012

Kloster Artic Patrol P36 PROTOTYPE

Då er eg komen godt i gong med kutting, tilpassing og ikkje minst plastring av deler til vårt nye prosjekt. Det er som eg har skrive om tidlegare i bloggen P36 prototype. Det som eg no har tilpassa er styrehus med jagarbru.

Utan om dette er det støypt inn diverse dørkar i styrehus, i tillegg til ankerskott to stykker. Baugtrøstartunnell og motorfundament er og på plass. Skott mellom lugarar og motorrom er støypt, så her kjem delane på plass og båten byrjar etterkvart å sjå heil ut. Puslebitane fell på plass :)


















søndag 22. juli 2012

Svakt bygd akterspegel på skjærgårdsjeep

Ein kunde kom med eit lite sår under ein båt, han lurte på om det lot seg reparere. Det kunne det og kunden kom med båten til meg. Han hadde eit tilleggsspørsmål då han overleverte båten, han hadde oppdaga sprekker i gelcoaten på akterspegelen. Etter litt bøying og bending på påhengsen kunne det sjå ut som spegelen var delaminert eller sprukken. Me vart einige om å ta denne skaden med samstundes.




Då eg hadde fjerna påhengsen viste det seg at akterspegelen hadde ein stor sprekk. Største delenen av denne jobben vart å forsterke akterspegelen, arbeidet med det vesle såret vart lite i forhold.





Related Posts with Thumbnails