søndag 22. august 2010

Reperasjon av stor skade i baug


Når arbeid har blitt litt mykje av her har eg fått god hjelp av vetlebror. Her held han på med pussing og sparkling på den båten som hadde store hol i baugen. Båten er etterkvart tett og finarbeidet står att. Deler som må bytast ut er på veg her til, så om ikkje lenge er båten klar for levering :)

Ellers har eg funne ut at eg kan blogga rett frå den nye mobilen.. Praktisk, sidan det er der bileta ligg og den er jo alltid for handa. Kanskje det hjelper på aktiviteten?

torsdag 19. august 2010

Travle tider....

Overskrifta seier alt. Her er det full rulle, berre avbrutt av mat og søvn. Klagar ikkje, berre forklarar kvifor det er så stille her på bloggfronten. Det er desverre ikkje datamaskina eg set meg ned med når eg tek kveld. Det positive er at eg har mykje spennande og kjekt stoff å skriva om når eg kan roa litt ned.

Det som eg skal skriva meir om når dagane strekk til er: Stor reperasjon av skadd båt, modellbygging, ferdigstilling av revehytter, liten reperasjon på skadd båt og montering av smartboard. Jepp, eg er visst brukande til alt :) og godt fornøyd med det.

torsdag 5. august 2010

Vidare arbeid med pickup-båt

Pickup-båten som eg tidligare fiksa ein skade på og polerte opp trengde meir arbeid. Det skulle monterast ei rib-fender før den kunne leverast og dei som kunne gjera jobben hadde ikkje mulighet. Dette er kjekt for meg, alltid godt med arbeid som skal gjerast. Eg måtte ha med ein person til og bror min kunne heldigvis vera med. Det er så å sei umulig å montera ein rib-fender aleine. Ein rib-fender er laga av eit slags skum-materiale som fjører og den er igjen pakka inn med to lag tjukk plast duk. Denne duken skal beskytte skummet mot rifter og er sydd med tau som er festa i bøylar i skroget.

tirsdag 3. august 2010

Kræsja båt...

No har eg fått inn eit større prosjekt i naustet. Ein båt som har kjørt på ein umerka stake om natta. Heldigvis gjekk det bra med personane, men båten har fått hard medfart. Den har eit stort hol på styrbordbaugside der du ser rett inn i forpigg og taurommet. Fenderlista er reven av, pulpit er bulka og styrbordkimming ved badeplattform har ei mindre skade. I tillegg er begge propellane krølla.

Eigaren var heldig og hadde kaskoforsikring og selskapet leiger meg til å få båten i stand att.

Det første eg skal ta tak i er p slipe vekk skaden i baugen. Der skal eg slipe vekk alt delaminert materiale, det er ein stor jobb.

søndag 1. august 2010

Related Posts with Thumbnails